TURMÅL STEIL

Skåbu Tverrbygda Espedalen idrettslag (STEIL) er områdets lokale idrettslag. I tillegg til aktiviteter som ski og fotball legger de hvert år også ut turmål for å få oss alle til å komme oss ut - og kanskje til steder vi vanligvis ikke går.
De siste årene har vi vært på “rype”, “elg” og “harejakt” for å finne ord - i år er det “bjørnejakt” for å finne “bjørnehodene” med dialektordene. 10 turmål er lagt ut - finn så mange du vil av disse - noter dialektordene og send inn så mange som mulig. (se nederst på siden)

Alle som samler ett eller flere dialektord fra disse og leverer til STEIL (se nederst på denne siden) innen 1. november 2019, er med i trekkingen av fine premier. Hovedpremien er gavekort på 1000 kr - men den beste premien er likevel naturopplevelsene.   


TURMÅLENE FOR STEIL I 2019 er:

Revsgreinsteinan::

3,2 km t/r, dersom ein går frå øvst i Grevlingfaret. Følg raudmerka råk oppover langs gjerdet, følg skilt mot Gråhø/Lauvåsen/Rundløype, i neste kryss følg skilt mot Lauvåsen/Rundløype , følg blåmerka råk frå her. Dialektfjøla heng i ei bjørk mellom dei to store steinane.

Finnbølstjønn

1,4 km t/r. Breitt råk, ikkje merka, tek av til venstre 1,2 km etter bommen på Jotunheimvegen (etter at du har passert avkøyringa til Høl, er det fyrste råk til venstre, før Westresetra). Dialektfjøla heng i ei bjørk ved osen. Det er fin «rasteplass» rett ovanfor.

Feforkampen, 1160 moh

1,8 km t/r frå botn av slalåmbakken. Fjøla heng på den fremste toppen, oppmodar om å gå vidare over alle tre toppane og sjå på utsikta i klarvêr!

Reinsknappen, 1356 moh

7,8 km t/r frå Storhøliseter. Følg råk mot Storhøpiggen, ta til venstre i krysset der det er merka mot Glupen. Vidare kan du gå rett fram mellom Storhøa og Storhøpiggen, følge råket mot Svarttjønnholet til du har passert Storhøa, før du skrår opp til venstre mot Reinsknappen. Ikkje råk siste biten. Det er også fint å legge turen oppom Storhøa.

Gråhø (i Skåbu), 1157 moh: 

9 km t/r frå øvst i Grevlingfaret.

Sæterkampen (nordre), 1450 moh:

5,7 km t/r frå Breistulen. Merka råk.

Vetlvassæter

7,2 km t/r frå «Postfurua» ved Sikkilsdalsvegen. Ein kan også gå frå Flekkmovegen, via Strålsetra, dette er litt kortare. Fjøla heng på gjerdet.

Eldbjørshaugen, 959 moh

2,4 km t/r frå Elgland-skiltet langs Rv255 i Espedalen.

Skaget, 1686 moh

18 km t/r frå Bjørnhølen. 7,2 km t/r frå Storeskag (DNT-hytte i Valdres). 

Veslehøa, 1159 moh

Fin liten topp i Vinstervatna. 5,4 km t/r frå Øyvassosen, veldig lett terreng, men myrlendt enkelte plassar. Følg raudmerka råk frå andre sida av demningen, ta av til venstre etter nokre hundre meter, det er knytt opp eit kvitt band der du skal ta av, vidare er det umerka råk. For dei som ønskjer ein litt lengre tur, er det fint å følgje raudmerka råk som går mellom Buatinden og Marsteinhøgda. Finast er det å følgje råket heilt til kryssande råk mot Storhøliseter, frå krysset kan ein gå rett opp på Marsteinhøgda (1400 moh) og følgje ryggen på denne attende mot Veslehøa. Denne rundturen er 12 km.

Norgeskart app i appstore finner du her (krever nettforbindelse).

GOD TUR! 

Send dine turmål med dialektord samla til kbsletten@hotmail.com innan 1. november 2019 og vær med i trekningen på fine premier. Hovedpremien er gavekort på kr. 1000,-.